Erik Osland

Investerer 50 millionar i setjefiskanlegg

– Vi tek grep for å redusere luse- og miljøutfordringar frå oppdrettsnæringa, seier Erik Jarle Osland i Osland Havbruk i ei pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I følge Firda har verksemda teikna kontrakt om bygging av eit nytt setjefiskanlegg på Sørebø ved Søreide i Høyanger kommune. Dei kjøpte settefiskanlegget på Sørebø av Marine Harvest i 2011. Anlegget har per i dag konsesjon for produksjon av 2,5 millionar laksesmoltar. Etter utbygginga vert kapasiteten dobla.

– Planen er å produsere stor smolt for å korte ned veksttida i sjøen, seier Erik Jarle Osland i pressemeldinga.

Osland Havbruk har i fleire år testa ut å produsere større smolt på land slik at veksttida i sjøen vert kortare.

– Det landbaserte smoltanlegget vi skal byggje vil for ein stor del resirkulere produksjonsvatnet, noko som vil gje oss økonomiske fordelar samstundes som det vil vere til fordel for miljøet, skriv Osland.

Ifølgje pressemeldinga vil strategien med å setje ut større smolt korte med produksjonstida i sjøen frå dagens 15–20 månadar til ned mot 10–14 månader. – Kortare produksjonstid er kortare eksponeringstid. Det vil i praksis seie færre avlusingar og mindre fare for rømming. Ein annan fordel er at vi òg kan brakkleggje lokalitetane i lengre tid enn i dag, seier Osland.