Lokalitet Leirvika i Masfjorden Engesund Fiskeoppdrett

Investerte i ny betongflåte

Engesund Fiskeoppdrett mottok i forrige månad ein topp moderne Backer «Sjøsterk» betongflåte på lokalitet Leirvika i Masfjorden kommune.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Linn Therese Skår Hosteland

Den nye flåten har heile 270 tonns fôrkapasitet, og er den nyaste investeringa til bedrifta.

Fôrflåten på lokalitet Leirvika i Masfjorden. Foto: Engesund Fiskeoppdrett.

- Me tenkjer langsiktig og valde derfor denne flåten som har ei lang levetid. Den har også eit flott utsjåande som glir inn med naturen, seier Svein Eivind Gilje, dagleg leiar i Engesund Fiskeoppdrett.

Han fortel vidare at lokaliteten flåten står på er svært værutsatt.

- Ettersom det er ein stabil flåte med lavt fribord gir den også bra HMS, noko me er nøgde med, seier han