Aina Valland

Inviterar elveeigarane til samarbeid

Torfinn Evensen i Norske Lakseelver stolar ikkje på at oppdrettsnæringa vil klare å gjennomføre tiltak som er basert på frivilligheit. Aina Valland i FHL svarar med å invitere elveeigerane til samarbeid.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Dagleg leiar Torfinn Evensen i elveeigarane sin medlemsorganisasjon, Norsk Lakseelver sa sist veke til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at han ikkje har særleg tru på ei friviljug ordning der oppdrettsnæringa sjølv skal vere ansvarleg for å finansiere tiltak som skal redde villaksen.

Aina Valland som er direktør for miljø i Fiskeri og- havbruksnæringas landsforeining (FHL) har på si side stor tru på ordninga som då vart presentert ovanfor fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen. Og utspelet har gjeve stor respons både i politiske miljø og blant miljøvernarar. -Vi er veldig glade for all den positive responsen vi har fått frå både statsrådar, andre politikarar, fagfolk og frå verdas største miljøvernorganisasjon WWF. Dette handlar om mange og omfattande tiltak, og vi trur dei vil gi positiv effekt, seier Valland til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Skepsisen overraskar Valland trudde i utgangspunktet at Norske Lakseelver var opptatt av kva som har positiv effekt for villaksen, uavhengig av om tiltaka er nedfelt i regelverket, eller ikkje. - Eg er overraska over at dei er skeptiske til eit miljøfond og meinar at dei bør gi initiativet ein sjanse. Om tiltak som kjem villaksen til gode er frivillige eller lovpålagt bør vel ikkje vere så viktig for Norske Lakseelver, seier Valland.

Heile fondet skal brukast Torfinn Evensen var i utgangspunktet heilt overbevist om at det berre handlar om å bruke avkastninga, når ein etablerar eit fond i slike samanhengar, noko som etter hans oppfatning berre ville gi småpengar til tiltak retta mot å redde villaksen. - Eg ser at Evensen er bekymra for at det berre er avkastninga av miljøfondet som skal brukast, men eg kan forsikre han om at det ikkje er slik, seier Valland og legg til at oppdrettsnæringa inviterer villaksinteressene inn i det vidare arbeidet slik at dei kan bidra til at midlane vert brukt på best mogeleg måte.