Inviterer brukarane til å medverke i revisjonsarbeidet

Føresegner knytt til akvakulturløyve til særskilde føremål er under revidering. Fiskeridirektoratet inviterer brukarane til å kome med innspel til denne prosessen, skriv Fiskets Gang.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ei arbeidsgruppe med representantar frå Mattilsynet og Fiskeridirektoratet skal kome med forslag til endringar i føresegnene. Ein tek sikte på at dei reviderte føresegnene skal tre i kraft frå 01.01.2007.
? Vi skal sende framlegg til endringar til Fiskeri- og kystdepartementet 15. juni. Difor har vi sett frist for å kome med innspel til 31. mars, seier Inger Fyllingen ved Utredningsseksjonen på Kyst- og havbruksavdelinga.
Det er Mattilsynet og Fiskeridirektoratet som i fellesskap har fått i oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet å gjennomføre ein heilskapleg revisjon av føresegner knytt til alle spesialløyve.
Ynskjer ein open prosess
?Arbeidsgruppa ynskjer å innhente innspel og synspunkt frå brukarane. Dette er ikkje ei høyring men vi ynskjer ein open prosess. Fiskeridirektoratet ser difor eit høve til å høyre frå interesserte aktørar. Dette er tida for å kome med innspel.
? Både positive og negative erfaringar med dei ulike løyva og kva behov dei ulike løyva etter brukaren sitt syn bør dekkje kan du no melde inn til Fiskeridirektoratet, seier Fyllingen.
Fiskeridirektoratet opplyser at ein kan sende innspel til Inger Fyllingen eller Kari Hesjedal.