Elisabeth Aspaker, fiskeriminister, Norges sjømatråd logo

Inviterer til innspelmøte om vekst i havbruksnæringa

- Eg ønskjer innspel om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ho inviterer både næring og intressentar til innspelmøte om den nye Stortingsmeldinga. Møtet vert holdt i Bodø den 27. mai kl. 13.00 -16.30, på Universitet i Nordland.

- Hovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst. Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa, er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte politikk med fiskeriministeren, skriv Fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Programmet for dagen ser slik ut:

13.00 Velkomen ved prorektor ved Universitet i Nordland, Grete Lysfjord 13.05 Innleiing ved fiskeriminister Elisabeth Aspaker 13.10 Den økonomiske verdien av føreseieleg vekst ved Atle Guttormsen, NMBU 13.30 Havbruksnæringa sine synspunkt ved FHL 13.50 Pause 1405 Kva er berekraft ved Karoline Andaur i WWF 14.25 Arealutvalets forslag til handlingsreglar ved Peter Gullestad 14.45 Pause 15.00 Paneldebatt og spørsmål frå salen 16.30 Slutt