Elisabeth Aspaker

Inviterer til innspillsmøte i Bergen

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker inviterer til det andre innspelmøte om ny melding til Stortinget om korleis vi skal få til føreseieleg og miljømessig berekraftig vekst i havbruksnæringa. Møtet skal haldast i Bergen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Elisabeth Aspaker. Foto: NFD

Tid: 2. september kl. 10.00-14.00.

Stad: Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrresgate 49 - Bergen

Hovudmålet med meldinga er å drøfte korleis Noreg kan auke verdiskapinga ved å fremme ein ny og føreseieleg politikk for kapasitetsvekst.

Møtet er ope og alle som er opptatt av dei framtidige rammevilkåra til havbruksnæringa er velkomne til å dele tankar og idear og drøfte politikk med fiskeriministeren.

Program:

Møteleiar: Prorektor Anne Lise Fimreite ved Universitetet i Bergen 1000 Velkommen ved prorektor Anne Lise Fimreite ved UIB 1005 Innleiing ved fiskeriminister Elisabeth Aspaker 1015 Arealutvalets forslag til handlingsreglar, ved leiaren i arealutvalet Peter Gullestad (tentativt) 1035 Den økonomiske verdien av føreseieleg vekst, ved professor Frank Asche, UIS 1055 Pause 1110 Havbruksnæringa sine synspunkt, ved Norske Sjømatbedrifters Landsforening 1130 Kva er berekraft, ved Bellona

1150 Lett servering 1215 Innspel frå salen og debatt 1300 Pause 1305 Innspel frå salen og debatt 1400 Slutt