Geir Isaksen

Isaksen vil samarbeide med laksefiskarane

Tromsø: Geir Isaksen i Cermac ønskjer å få til eit samarbeid der næringa brukar sin kompetanse for å betre situasjonen for villaksen. Organisasjonen Norske Lakseelver, er ein av aktørane Isaksen vurderar som aktuell samarbeidspartnar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I sitt innlegg under Ewos sitt nyttårsmøte som vart arrangert i Tromsø fredag tok Geir Isaksen i Cermac til orde for å få til ei samarbeid med aktørar som påverkar situasjonen for villaksen. Han trur oppdrettsnæringa har kunnskapar som kan vere med å snu utviklinga og få meir villaks i elvane, og han føreslår eit samarbeid med elveeigarar, kraftprodusentar og andre interesser som jobba for villaksen. -Eg trur oppdrettsnæringa har kunnskapar for å få dette til, og målet må vere å snu den negative merksemda til noko konstruktivt som kan vere positivt for villaksen, seier Isaksen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Isaksen har alt snakka med folk i det han kallar "ulike leirar", og han trur absolutt det skal vere mogeleg å få til eit samarbeid som vil vere med å betre situasjonen for villaksen. Organisasjonen Norsk Lakseelver er ein av aktørane Isaksen vurderar som aktuelt å samarbeide med. -Der har vi mange kloke og fornuftige folk som vi kan snakke med, seier Isaksen.