
Ishavsrøye til Årets kokk
Ishavsrøye er valt som råstoff til konkurransen Årets Kokk 2007, som vert arrangert i Stavanger i mars. -Dette er bevis på at Ishavsrøye har eit godt rykte blant dei beste kokkane i Noreg, seier Karin Olsen i EFF til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Ishavsrøye er ein arktisk art og verdas nordlegaste ferskvassfisk. Mild smak og passelig storleik er med å gjere ishavsrøya fleksibel med omsyn til bruksområde, og dei siste åra har oppdrett gjort den meir tilgjengeleg. I slutten av mars vert Årets Kokk 2007 arrangert i Stavanger, og eit av råstoffa som kokkane skal bruke i konkurransen er ishavsrøye. Konkurransen fungerar som uttak til Bocuse d'Or 2009, og vil vere med å skape meir blest om den arktiske fisken. Bocuse d’Or Noreg har nominert fem kandidatar som skal kjempe om tittelen Årets Kokk 2007. I tillegg er Noregsmeister i Kokkekunst i 2006 nominert. Dei seks nominerte til Årets Kokk 2007 er: Erling Stenersen Sundal frå Flavours, Geir Skeie frå Mathuset Solvold, Gunnar Hvarnes, frå Gastronomisk Institutt AS, Kjartan Skjelde frå Tango Bar og Kjøkken, Roger Malmin, frå Charles & De og Tina Marie Dingsøyr Vik, frå Restaurant Bagatelle. Det aller meste av Ishavsrøya som vert eksportert går til Sverige og i 2006 gjekk det i overkant av 90 tonn til ein verdi av 4,3 millionar kroner til denne marknaden. Det vart også eksportert litt ishavsrøye til Frankrike, Italia og Finnland i 2006.
