
Island vil satsa på lakseoppdrett
Island ynskjer å kopiere vetlebror Færøyene sin suksess med lakseoppdrett. Norsk kapital er ein av aktørane som bidrar til vidareutviklinga av laksenæringa på den Islandske kysten, som no står fastlåst økonomisk.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Finansavisen skreiv laurdag ein artikkel om Færøysk lakseoppdrett som har sørgja for å doble landets sjømat-eksport dei siste ti åra. Omkring 80 prosent av Islands kystlinje har vært stengt for oppdrett av laks, grunna villaks-interesser og naturgitte forhold. Men no ser det ut til å snu. Finansavisen melder at eksisterande konsesjonar på Island tillèt ein produksjon på 17.000 tonn, som no skal aukast til 50.000 tonn MTB.
Island sin økonomi etter finanskrisen har vore kritisk. Men styreleder Kjartan Olaffson i Arnarlax ilag med grunder Matthias Gardarsson ynskjer å satse på Islandsk lakseeksport, finansiert blant anna av norske aktørar. Olaffson er kjent innan laksenæringa i Noreg, der han blant anna har studert i Tromsø og jobba som sjef for Glitnirs sjømatavdeling i Oslo i 2008.

Kastar seg på bølgja
- Me fant ut at det ikkje var mogleg å hente alle pengane på Island. Det er ingen som har klart å tene pengar på lakseoppdrett her hittil, og finansmiljøet er generelt skeptisk seier Olaffson til Finansavisen.
Norsk kapital
Gardarsson i Arnarlax har sikra seg norske selskap som startkapital, gjennom sal av norske oppdrettskonsesjonar. Dei fekk han på billig sal av den norske stat for å sikra seg eigenprodusert laks til foredlingsbedrifta Leines Seafood i Nordland. Leines sitt anlegg vart nedlagt i 2013, og konsesjonane vart solgt for fleire titals millionar kroner. Arnarlax har fått lisens til 3.000 tonn fisk, og ynskjer å søkje om å få opptil 7000 tonn fisk.
Island har allereie infrastruktur innan foredling, distribusjon og sal, men ynskjer ytterligare å eksportere laks.
- Me delar ikkje ut nobelprisar, så vi har fritt spelerom i forhold til eksport av oppdrettslaks, fortel Olafsson med glimt i auga til Finansavisen.