Nilsen, Reidar

Ja til norske fiskebåtar

Fiskarlagformann Reidar Nilsen får støtte frå mange hald på idèen om å sende kondemnerte fiskebåtar til dei kriseråka områda i Sørøst-Asia. Fiskarane på Sri Lanka vil gjerne ha norske fiskebåtar.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Av Kari Johanna Tveit Norges Fiskarlag får støtte for prosjektet både frå norske fiskarar og fiskarar på Sri Lanka i tilegg til Fiskeri og kystminister Svein Ludvigsen og nokre av forskingsmiljøa.  Men i fylgje NRK er både Norad og Bjørn Hersoug ved Norges Fiskerihøgskole negativ til prosjektet. Hersoug meinar tiltaket vil kunne vere med å undergrave dei lokale båtbyggjarane i tilegg til at det vil vere vanskeleg å vedlikehalde båtane. Tor Halfdan Aase på Institutt for Geografi ved Universitetet i Bergen er enig med Hersoug både i at det er viktig å bygge opp den lokale næringsstrukturen og at vedlikehald er ei utfordring, men framhevar at øydeleggingane i mange av desse områda har vore så store at det vil ta tid før ein har klart å bygge alt oppatt. Dei lokale båtbyggeria ville i utgangspunktet bruke lang tid på å produsere så mange båtar som det no er behov for. Når ein i tilegg må rekne med at flodbølga også har knust mange av båtbyggeria, vil det ta svært lang tid før fiskerinæringa i desse områda klarer å forsyne lokalbefolkninga med fisk. -Ein må også tenkje på at dersom ein ikkje kan utnytte dei lokale fiskerssursane, blir dei kriseråka områda enno meir avhengig av bistand i form av mat, noko som igjen vil forseinke oppbyggingsprosessen, seier Aase til kyst.no. Men Aase påpeikar at kompetanseoverføring på handtering av båtane og vedlikehald må vere ein svært viktig del av prosjektet.