
Jansen er ikkje overraska
Peder Jansen ved Veterinærinstituttet vurderar ikkje analyseresultata frå Gratangen som overraskande. Men han meinar det er ein interessant observasjon.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Prøvar som er analysert ved Universitetet i Bergen syner at viruset i fisken frå dei to nabolokalitetane i Gratangen som har fått påvist ILA, ikkje har same opphav.
I nokre tilfelle har det vore funne virus med ulike genotypar på ein og same lokalitet, så ei samanlikning med analyser av fleire prøvar frå dei to lokalitetane, kan styrke eller svekke dette resultatet.
I perioden frå april til byrjinga av juni vart det i fylgje Jansen tatt ut prøvar frå dei same lokalitetane og sendt inn til Veterinærinstituttet, men desse er ikkje ferdig analysert enno. -Vi jobbar så fort som mogeleg, men vi er ikkje komen langt nok i våre analysar enno, seier Jansen.
Treng tid for å konkludere Dersom analysane ved Veterinærinstituttet gjev det same resultatet som analysane som er gjort ved Universitetet i Bergen, vil dette i fylgje Jansen vere interessante observasjonar, men det vil likevel ikkje gi grunnlag for konklusjonar. -Her er det viktig å få fram at dette er forsking som er langsiktig og at vi treng mange observasjonar for å analysere smittevegar, seier Jansen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. På spørsmål om kor lang tid det i praksis vil ta å gjennomføre analysar som sekvenserer viruset, viser Jansen til Birgit Dannevig ved Seksjon for virologi ved Veterinærinstituttet. Tempoet er avhengig av prioritet Birgit Dannevig seier at analyseresultata frå sekvensering av virusgenomet kan framstillast på nokre dagar. Men dette er avhengig av kva type analyse som skal gjennomførast og kva virus som skal undersøkast. Det er også avhengig av prioritet. Prøvane som vart sendt inn frå aurelokalitetar i Sorfjorden i Møre og Romsdal tidlegare i år vart analysert over ei helg, men sidan det her var mistanke om VHS som er ein A-sjukdom, hadde dette topp prioritet. Dannevig viser vidare til at ei rask handsaming (sekvensering av virusgenom) av prøvar frå lokalitetane i Troms ikkje vil ha praktisk innverknad på situasjonen for oppdrettarane her. Ei unik muligheit Akvaveterinær Per Anton Sæther som har fiskehelseansvaret for mange av oppdrettarane i området meinar all mogeleg informasjon om viruset vil vere til hjelp for å finne årsaka til at så mange anlegg er smitta no i vår. Og dersom ein meinar det spreier seg gjennom vassmassane vil risikoen for vidare spreiing vere stor.
Han viser også til at ei eventuell brakklegging av heile området vil få store økonomiske konsekvensar for oppdrettarane, så det er viktig å få fram all informasjon så raskt som mogeleg. - Dette er ein heilt spesiell situasjon og med så mange forskarar som jobbar med temaet, har vi ein unik sjanse til å finne svar på fleire spørsmål. Så her er det viktig å ikkje ri kjepphestar som ingen er tent med, framhevar Sæther. Les også