
Jansen er ikkje veldig overraska
Forskar Peder Jansen ved Veterinærinstituttet er ikkje veldig overraska over at ein har fått fleire utbrot av ILA i Astafjordbassenget. Han viser til at det har stått smitta fisk i området i lang tid, og trur ikkje vaksinen gjev hundre prosent beskyttelse.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Veterinærinstituttet jobbar for å finne ut kva som er årsaka til alle utbrota av ILA i Sør Troms dei siste fire åra og dersom viruset som har gjeve utbrota på to anlegg i Salangen no i år er av same type som ved tidlegare utbrot, trur Jansen at det er snakk om den same epidemien. -Det har jo vore overlapping av smitta fisk på lokalitetar i dette området i heile perioden, seier Jansen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Dei går no breitt ut å leitar etter virus som i utgangspunktet ikkje er sjukdomsframkallande, for å sjå på utbreiinga og for å komme nærmare kjelda.
Slaktar ut den sjuke fisken Salaks AS som har fått dei to siste utbrota av ILA i Astafjordbassenget er no i ferd med å slakte ut sjuk fisk og skal presentere ein plan for Mattilsynet som viser kva som skal skje med resten av fisken i anlegga. Fisken på den eine lokaliteten var sett ut våren 2009 og hadde ei gjennomsnittsvekt på to kilo. Fisken på den andre var sett ut hausten 2009.
Ønskjer nye lokalitetar Mange av aktørane i Astafjordbassenget ønskjer no å sette ut smolt i andre områder for å kunne brakklegge lokalitetane i dei områda som har hatt utbrot av ILA dei siste åra. Men dette er ikkje like enkelt. -Søknadar om nye lokalitetar må følgje vanlege prosedyrar og vi vil handtere dei innafor det eksisterande regelverket, seier Hilde Haug ved Mattilsynet i Midt Troms. Ho legg til at det kan vere ei utfordring for dei som har vore i eit område heile tida å flytte produksjonen langt vekk. Dette er enklare for større selskap.
Etter dei siste utbrota i Salangen har mange stilt spørsmål ved om det er grunn til å fortsette med vaksineringa, men i fylgje Haug har det vore semje blant oppdrettsaktørane som held til i Astafjordbassenget om at fisk som vert sett ut i dette området skal vere vaksinert.