Bjørn Erik Olsen

Japan vil ha behov norsk sjømat

Bjørn Erik Olsen i Nofima trur japanarane vil ha behov for tilførsel av norsk laks også i tida som kjem. Men eksporten av norsk makrell til Japan kan bli midlartidig påverka av den vanskelege situasjonen som landet er i akkurat no.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Direktør i Nofima Marked, Bjørn Erik Olsen har både studert og jobba i Japan i mange år, og kjenner landet svært godt. Han vurderar situasjonen for japanarane som svært vanskeleg akkurat no, men trur også dei vil komme seg raskt på fote igjen når krisa er over. -Dette handlar om eit land som ikkje har økonomiske problem i utgangspunktet, så det vil ikkje ta så lang tid før hjelpemannskapa har sikra tilførselen av mat og vatn til alle som er direkte ramma, men akkurat no har dei det svært vanskeleg, seier Olsen.

Laksen blir ikkje påverka Olsen kan ikkje sjå at eksporten av laks til Japan skal bli påverka i særleg grad av katastrofen på lang sikt. - Laks er ikkje eit direkte luksusprodukt i Japan og dei aller fleste kan kjøpe den når dei ønskjer det, så eksporten vil mest truleg fortsette slik den har gjort, seier Olsen.

Men han trur det er større sjanse for at eksporten av norsk makrell kan bli påverka av den dramatiske situasjonen. - Choshi som ligg nord for Tokyo er det største området for mottak av norsk makrell, og dersom fabrikkar og hamneområda er skada, kan det gjere mottakssituasjonen svært komplisert. Distribusjonen vil også bli påverka dersom tilførselsvegane er øydelagde, seier Olsen.

Men han framhevar at japanarane vil vere avhengig av tilgang på mat i tida som kjem, og norsk eksport kan vere eit viktig bidrag. Det aller beste ein kan gjere i denne situasjonen er å skaffe seg kunnskapar om den situasjonen japanarane er i, og etablere strategiar for korleis ein kan bidra på bakgrunn av dette.

Risproduksjonen kan bli påverka Radioaktiv stråling vil mest truleg ikkje påverke livet i havet og japanarane sin eigen sjømatproduksjon særleg grad. Men det vert i dag produsert mykje ris i områda nord i Japan, og dersom ein får store radioaktive utslepp, kan det bli vanskelig å bruke jorda til matproduksjon i lang tid framover. Dette vil likevel ikkje vere katastrofalt med tanke på tilgangen til mat. I dag har Japan høge tollsatsar på import av ris for å sikre sin eigen produksjon, men det vil i fylgje Olsen ikkje vere så vanskeleg å få tilførsel av ris Sør-Korea, eller andre naboland.