
Jobbar for betre og raskare rapportering
Mange uttalar seg om årets laksesesong lenge før dei endelige fangstrapportane føreligg. Men no jobba Direktoratet for naturforvaltning med eit prosjekt for å får raskare informasjon gjennom betre og meir effektiv rapportering.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Direktoratet for naturforvaltning organisera innsamling av fangstrapporter etter årets villakssesong i samarbeid med Fylkesmennene og Statistisk sentralbyrå.
Alle som deltek i fisket etter villaks er pliktig å levere oppgåve over fangsten, men det må ofte fleire purringar til for å få alle til å rapportere, og endeleg oversikt vert ikkje presentert før eit halvt år etter sesongen er avslutta.
- Dette tek så langt tid fordi det ofte må gjennomførast to runde med purring før rapporteringa etter sesongen er tilfredsstillande, seier Raoul Bierach i Direktoratet for naturforvaltning til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Ifylgje Raoul Bierach i Direktoratet for naturforvaltning jobbar dei no for å få til ei meir effektiv og raskare rapportering av fisket etter villaks.
Meldeplikt på fleire nivå
Etter lovverket så er det den einskilde fiskerettshavar og sjølaksefiskar som er pliktig å melde frå om fangstane. Men den einskilde fiskar har også meldeplikt ovanfor den som har utsteda fiskekortet.
Fylkesmennene sjekkar rapportane frå dei ulike fiskevalda, og gjennomfører purringar dersom dette er nødvendig. I tillegg er det ifylgje Bierach mogeleg å kontrollere rapporteringa gjennom elvefangstregisteret der ein kan finne ut kven som ikkje har levert rapport.
Positiv utvikling
Men sjølv om det tek opp mot eit halvt år frå sesongen er avslutta til ein får endeleg oversikt over fangstane, har det ifylgje Bierach vore ei positiv utvikling dei to siste ti-åra.
- Fangststatistikken har aldri vore betre enn den er no, og vi har ein heilt anna situasjon når det gjeld rapportering enn vi hadde for berre 20 år sidan, seier Bierach.
Prøver å effektivisere prosessen
Men ei positiv utvikling inneber ikkje at det er tilfredsstillande at det tek eit halv år frå sesongslutt til endeleg fangstrapport er klar. Difor gjennomfører Direktoratet for naturforvaltning no eit prosjekt for å få fortgang i rapporteringa.
- Det er komplisert og framleis nødvendig med fleire purringar, men vi sjekkar ut mogelegheitene for å effektivisere rapporteringa gjennom bruk av ny teknologi, og vi ser i første rekke på korleis vi skal effektivisere rapportering frå elvefisket, seier Bierach.