Sølvi Fastvold

Jobbar for havbruksnæringa

Tilgang til rett kompetanse er avgjerande for framtida til havbruksnæringa, men ungdommen set ikkje havbruk øverst når dei vel utdanning. Dette prøver dei tilsette ved avdeling for fiskeri og naturfag ved Høgskulen i Bodø å gjere noko med.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I dag arrangerar Høgskulen i Bodø og avdeling for fiskeri og naturfag konferanse med fokus på rekruttering til fiskeri- og havbruksnæringa. Målsettinga er å dokumentere problemet med manglande rekruttering og finne løysingar gjennom å etablere eit samarbeid mellom ulike aktørar i næringa. -Skal vi få dette til må vi ha dialog med næringsaktørane og andre institusjonar i næringa og jobbe ilag om konkrete tiltak, seier Sølvi Fastvold ved Høgskulen i Bodø til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. På konferansen skal situasjonen i fiskeri og havbruksnæringa diskuterast med utgangspunkt i mange innfallsvinklar. Geir Johnsen som er journalist i NRK og forfattar av boka "Laksefeber" stiller spørsmål ved kvifor ungdommen sviktar "millionærfabrikken". Regionsjef Marit Bærøe i FHL ser på manglande kompetansetilgang som avgrensande for vidare vekst i havbruksnæringa. Terje Solberg ved Høgskulen i Bodø tek føre seg rekrutterings- og kompetansebehovet i marin sektor, medan Vidar Trettenes frå Høgskulen i Sogn og Fjordane fortel oss kva som skjer når ungdommen sviktar havbruksnæringa. Endre Kristiansen i Aker Seafoods vurderar kompetansebehovet i framtida, medan Hilde Lamvik frå Teknologirådet spør om ei marin karriere fristar ungdommen. Sylvi Barmen-Jensen frå Reibo AS vurderar havbruksnæringa utanfrå. Konferansen vert gjennomført i eit samarbeid mellom Høgskulen i Bodø, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforeining og Universitetet i Tromsø.