
Jobbar for å hindre spreiing av PD i Troms
Både Mattilsynet og dei tilsette i Wilsgård Fiskeoppdrett AS på Senja i Troms gjer no alt dei kan for å hindre at PD skal spreie seg i området. Sjukdomen har ikkje vore påvist i fylket tidlegare.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johannan Tveit I går stadfesta Mattilsynet gjennom ei pressemelding utbrot av fiskesjukdomen Pancreas disease (PD), på ein av lokalitetane til Wilsgård Fiskeoppdrett på Senja i Troms.
Det er truleg det første utbrotet av PD i Troms, og selskapet jobbar no intensivt for at det også skal bli det einaste. -Vi har beredskapsplanar som ivareteke fiskehelse, fiskevelferd og sikkerheit, og desse gir oss god kontroll med situasjonen i anlegget. Sjukdomen er påvist i to merdar, og vi har laga ein plan for destruksjon slik at all sjuk fisk skal vere utslakta i neste veke, seier Fredd Wilsgård i Wilsgård Fiskeoppdrett AS. Lokaliteten der det er påvist PD på fisken er bandlagt slik at det ikkje vert ført fisk eller gjenstandar ut og inn av anlegget sjøvegen. Mellom anna så vert alt fiskefôret levert frå land. -Vi håpar inderleg at sjukdomen ikkje skal få etablere seg i området, så no legg vi all fokus på å hindre spreiing, seier Hilde Haug i Mattilsynet i Midt Troms til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.