Jan Erik Johnsen, EFF Russland

Jobbar for å hindre spreiing av påstandar om salmonella i laks

Fjernsynskanalen Russia 24 kom i helga med ei melding om at to nordmenn er døde og over 600 er hamna på sjukehus etter at dei har ete laks med salmonella. Noregs sjømatråd overvake no mediebilete for å hindre at saka spreier seg vidare til andre kanalar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I helga melde den russiske fjernsynskanalen Russia 24 og nettsida vesti.ru om salmonellautbrot i Noreg der det vert hevda at to personar skal vere døde og at over 600 har hamna på sjukehus etter at dei har ete laks. I tillegg melder kanalen at helsemyndigheitene har mistanke om at mange tusen har fått salmonella.

På vesti.no som er internettsida til fjernsynskanalen vert det også hevda at laksen er produsert av lokale butikkar.

- Har rota saman feil informasjon

Saka i russisk media bygger mest truleg på ei sak om utbrot av salmonella i Nederland og USA, og Noregs sjømatråd jobba no for å få ut rett informasjon.

- Det Vesti melde er jo ikkje rett. Her har dei truleg rota saman mykje feil informasjon. Men vi tek no direkte kontakt med nyhendekanalen for å få retta opp saka, seier Jan Erik Johnsen som er utsending for Noregs sjømatråd i Russland.

Overvake mediebilete

Johnsen framhevar også at Sjømatrådet overvake russisk mediebilete, og måndag ettermiddag var det ingen andre russiske medium som hadde spreidd informasjonen vidare i denne forma. Men sist veke var det ifylgje Johnsen ein del artiklar om utbrotet av salmonella i Nederland og USA.