Bjørn Røthe Knudtsen

Jobbar ut frå at det er SAV2

Det er enno ikkje avklart kva type virus som har smitta fisken med påvist PD nord for Hustadvika, men mattilsynet jobbar ut frå at det er SAV2.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Rett før påske kom det melding om nye utbrot av PD på to lokalitetar nord for Hustadvika, og Veterinærinstituttet har enno ikkje bekrefta heilt sikkert kva type PD-virus det er snakk om. Men ifylgje Bjørn Røthe Knudtsen i Mattilsynet er det eit fagleg epidimologisk grunnlag for å tru at det også i dette tilfellet er snakk om SAV2, som har vore påvist i området tidlegare i år.

Les også: Vil ikke revurdere Hustadvika som PD-barriere

Får ikkje flytte Også denne gongen er det oppdrettsselskapa Lerøy og Salmar som har fått påvist virus, og ifylgje Knudtsen er arbeidet med utslakting iverksett på Salmar sin lokalitet.

Lerøy har søkt om løyve til å flytte fisken til ein lokalitet sør for Hustadvika, slik dei fekk lov til ved eit utbrot av same viruset tidlegare i år. Men Mattilsynet har gjeve avslag på denne søknaden. - Då vi gav løyve til flytting av fisk som hadde fått påvist SAV2-viruset tidlegare i år, var det snakk om å flytte fisken ein lokalitet som låg avsides til, men det er ikkje tilfelle no, seier Knudtsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Pålegg om destruksjon Selskapet har fått pålegg om å destruere fisken, men Knudtsen kjenner ikkje til om dei vil klage på dette vedtaket.

Les også:Tre nye tilfeller med PD nord for Hustadvika