Jobbgaranti til akvastudentar
Havdyrkerne BA garanterar fast arbeid for å motivere ungdom til å satse på ei karriere i oppdrettsnæringa.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
På vegne av 29 medlemsbedrifter frå heile Vestlandet, garanterer Havdyrkerne fast jobb i oppdrettsnæringa for inntil fem studentar som fullfører studiet i akvakultur ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i 2009.
Dette er ei unik satsing i nasjonal målestokk, og viktig for ungdom som kan tenkje seg ei karriere i oppdrettsnæringa. For at oppdrett skal utvikle seg vidare og bli den viktigaste næringa i landet når olje- og gassreservane tek slutt, treng næringa oppdatert kunnskap og fleire tilsette med kompetanse frå universitet- og høgskular. Havdyrkerne BA er det leiande nettverket i landet for mindre, familieeigde oppdrettsbedrifter, står det i ei pressemelding.
Selskapet vart etablert i 1995 av ei gruppe på åtte fiskeoppdrettarar i Sogn og Fjordane. I dag er det 29 Havdyrkere i gruppa. Desse eig og driv i alt 27 konsesjonar for produksjon av laks og aure, 10 konsesjoner for oppdrett av marin fisk og 11 settefiskanlegg. Anlegga er lokaliserte i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.