
Jostein Kråkås tapte kampen mot kreften
Daglig leder i Sulefisk AS og tidligere styreformann i Salmon Group, Jostein Kråkås har gått bort i en alder av 57 år.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det er med stor sorg vi meddeler at Jostein Kråkås, dagleg leiar i Sulefisk AS og tidlegare styreformann i Salmon Group, har gått bort, 57 år gamal, etter lang tids kamp mot kreftsjukdomen, skriver Salmon Group i en pressemelding i dag.
- Jostein Kråkås har vore involvert i norsk laksenæring sidan midten av 80-talet. Frå 1994 var han dagleg leiar i Sulefisk AS. Han var ein person som merka seg ut som ein dyktig næringslivsmann og ein sosial og humørspreiande kollega. Jostein hadde ein av dei kvikkaste replikkane i bransjen, og han var glad i å ta ordet både i møter og festlege lag. Reportoiret varierte frå det strengt faglege til favorittpoeten Jakob Sande.
- Jostein var utdanna maskiningeniør, og hadde bakgrunn frå skipsverft, aluminiumsproduksjon og utanriksfart. Hans tekniske og industrielle bakgrunn kom ofte til nytte i arbediet for oppdrettsnæringa. Han var innovativ og villeg til å satse på ny teknologi.
- Tapet av Jostein Kråkås er tungt for alle i oppdrettsnæringa som har hatt gleda av å samarbeide med han. Profilar som Jostein er sjeldne, han var med å sette sitt preg på næringa i alle desse åra han var aktiv. Jostein Kråkås vert gravlagd frå Solund Kyrkje fredag, skriver Salmon Group.
Vi i Norsk Fiskeoppdrett benytter anledningen til å sende våre kondolanser.