Håvard Y JørgensenNSL

Jørgensen tek over etter Overby

Håvard Y. Jørgensen (35) er tilsett som ny administrerende direktør i NSL etter Ingebrigt Overby .

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Håvard Y. Jørgensen har vore tilsett som assisterande direktør i Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL) siden sommeren 2006. Han har no overtatt stillinga som administrerande direktør etter Ingebrift Overby sa opp si stilling tidlegare i år. Jørgensen som opphavleg kjem frå Mo i Rana er utdanna innafor ernæringsbiologi og akvakultur i Tromsø og Trondheim. Før han kom til NSL jobba han med produktutvikling innanfor laks og aure på Biomar sitt hovudkontor i Trondheim og med industri og produktutvikling på fôrfabrikken på Myre i Vesterålen. . Endring i organisasjonen Jørgensen viser til at styret i NSL skal legge strategien for vidare utvikling av organisasjonen på eit møte i slutten av mai, men i første omgang er han opptatt av å synleggjere aktivitetane. -Vi har gjort mykje rett i NSL, det er difor vi eksisterar, men i framtida skal vi bli flinkare til å synleggjere det vi held på med. Vi skal også gå dupare inn i det vi oppfattar som våre hovudoppgåver, seier Jørgensen . -Fiskeri- og havbruksnæringa handlar om alt frå opplæring av dei som står i fiske disken, tilgangen til marknaden i EU og utvikling av nye vaksinar, og for å prioritere blant mange sentrale oppgåver, er det viktig å styrkje dialogen med medlemmane, seier Jørgensen og legg til at han ser fram til å ta tak dei mange spanande og utfordrande oppgåvene som føl med den nye jobben.