Eide, Atle

Kabalen for nye Pan Fish delvis klar

Etter det Norsk Fiskeoppdrett kjenner til skal kabalen for delar av den nye leiinga i Pan Fish no vere klar. Som venta er det Atle Eide som blir den nye konsernsjefen.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Det er vel ingen som har vore i tvil om at konsernsjefen i det nye Pan Fish heiter Atle Eide. Det som kanskje ikkje er like innlysande er at Hans den Bieman som har vore administrerande direktør i Marine Harvest med hovudkontor i Nederland vert den nye direktøren for Americas inkludert Chile. Kva som skjer med Torben Petersen som har vore direktør for Fjord Seafood Chile og Andres Jonson som har leia Marine Harvest i Chile er ikkje kjent. I fylgje kjelda til Norsk Fiskeopdprett/kyst.no får Helge Midtun som no er administrerande direktør i Fjord Seafood, ansvaret for det som har med vidareforedling i Europa å gjere. Det er ikkje kjent kva som skjer med Marit Solberg som har leia Marine Harvest Norway og Øyvind Tørlen som har leia Pan Fish Norway.