Kallar rømt laks for giftig avfall
Norges Miljøvernforbund og Kurt Oddekalv melder lakserøminga frå eit anlegg i Freifjorden i Møre og Romsdal til politiet. Oddekalv viser til at fisken var medisinert og meinar at den kan samanliknast med gifitg avfall, melder NRK.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund ser veldig alvorleg på at omlag 150.000 laks rømde frå Hydrotech sitt anlegg på Ånes i Freifjorden. Han ber om at det no blir sett inn store ressursar på å få fiska opp fisken. I følgje Fiskeridirektoratet er røminga er den største som har vore nokon gong i Møre og Romsdal.