
Kampen mot lusa kostar i Sogn
Tre fiskeoppdrettarar i Sogn og Fjordane hadde til saman eit overskot på nær 300 millionar kroner i fjor, melder NRK Sogn.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Trass utestenging frå den russiske marknaden auka både produksjonen og verdien av norsk oppdrettsfisk i fjor.
Oppdrettar Ola Braanaas i Gulen omsette for 569 millionar kroner i Firda Eiendom, men utfordringar med lakselus gjorde at fjoråret ikkje vart optimalt, meldar nettsida.
– Isolert sett var det veldig bra, ein skal ikkje klage, men det hadde vore mogeleg å gjere det betre, seier han.
Les også: Bruker lusebord i kampen mot parasitten
Millionar til lusebekjempelse
Oppdretteren ynskjer høgare omsetnad og resultat. Han peikar på store utfordringar med lakselus, amøber og Russland som stengde dørene for norsk fisk som problema dei har støtt på.
- Kampen mot lusa kostar. Det er betydelege summar. Med arbeidsinnsatsen utgjer det sikkert 30 til 40 millionar kroner for vår del, seier han.
Leiar Erik Osland i Osland Havbruk på sørsida i Høyanger er nøgde med resultatet selskapet har i 2014. Verksemda med 28 tilsette omsette i fjor for 265 millionar kroner, ein kraftig auke frå året før.
– I all hovudsak er årsaka at marknaden etterspør ei god vare. I tillegg produserer vi for lite, dermed blir prisen god, og vi får god margin på det vi sel, fortsetter han.
Les også: Tilveksten ned – uklar årsak
Resultatet for Osland Havbruk enda på 83 millionar kroner før skatt. Osland seier dei ikkje hadde store problem med lakselus i fjor, men utgiftene aukar like fullt. Og Osland har tru på at dei skal få bukt med lusa.
Også Steinvik Fiskefarm, som har produksjon i Flora og Askvoll, tente millionar i fjor. Trass ein nedgang i inntektene til 331 millionar, enda resultatet før skatt på 79 millionar kroner. Også det ein nedgang frå 2013, då overskotet var på 99 millionar. Selskapet har 21 tilsette, melder NRK.
Dagleg leiar Alex Vassbotten seier til NRK at nedgangen i inntektene skuldast tapet av den russiske marknaden. Dei hadde store mengder aure som var tiltenkt Russland.