
Kan bli mogeleg å flytte nordover
Akvakulturtillatingane skal i utgangspunktet ikkje kunne nyttast utanom den regionen dei er tildelt i. Men dei store sjukdomsproblema på Vestlandet gjer no at Fiskeri- og kystdepartementet vil vurdere om dette regelverket bør endrast.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Akvakulturtillatingar vert i utgangspunkt tildelt i samsvar med Fiskeridirektoratet si regioninndeling. Agder-fylka og Rogaland høyrer til Region sør, medan Hordaland og Sogn og Fjordane er samla i Region vest. I tillegg er dei to trøndelagsfylka samla i ein region. Elles føl regioninndelinga fylkesgrensene. I fylgje laksetildelingsføreskrifta § 33 fyrste ledd skal akvakulturtilatingar i hovudsak ikkje kunne nyttast i områder utanom den regionen dei er tildelt i. Sjukdomsproblema på Vestlandet kan no vere med å endre dette. Ønskjer å flytte nordover I Januar søkte Lerøy Seafood Group om å få flytte 10 akvakulturtillatingar frå Hordaland til Troms. Bakgrunnen er at oppdrettarane i Hordaland prøver å få til ei koordinert brakklegging og utsett av smolt for å få løyst problema med PD. Dette skaper plassproblem og Lerøy Seafood Group ønskjer difor å flytte ein del av aktiviteten frå Hordaland til Troms. Vil vurdere regelverket I første omgang har Fiskeri- og kystdepartementet gjeve avslag på søknaden frå Lerøy Seafood Group, men i fylgje ekspedisjonssjef Magnor Nerheim er departementet innstilt på å vurdere om det bør opnast for flytting. -Sjukdomsproblema gjer at vi er innstilt på å sjå på regelverket, men her er det mange ting som må vurderast. Ei eventuell endring av reglande må også ut på høyring, så dette vil ta tid, seier Nerheim til Norsk Fiskeopdprett/kyst.no. Ikkje samanheng med ny tildelingsrunde Sjølv om Fiskeri- og kystdepartementet vil vurdere det eksisterande regelverket for å få bukt med sjukdomsproblema på Vestlandet, så vil dette i fylgje Nerheim ikkje påverke tildeling av nye konsesjonar i 2009. Her viser han til eit innlegg i Firdaposten der statssekretær Vidar Ulriksen påpeikar at ingen av konsesjonane som skal tildelast i 2009 er lova vekk.