Fitjar Mekaniske Verksted, Katamaran, arbeidsbåt

Kan bli slutt på merkelige båtar under 15 meter

Frå 1.juli i år blir det ikkje lenger mulig å sleppa unna reglar og forskrifter på nye arbeidsbåtar under 15 meter. No vil Sjøfartsdirektoratet senka grensa til åtte meter

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det finst mange typar paragrafbåtar, og ikkje alle er like fine å sjå på. Men poenget med omlegginga er å få tryggare båtar meir tilpassa dagens operasjonar, seier regionsjef Hans-Inge Algrøy i Vestnorsk havbrukslag til Bergens Tidende, skriv sysla.no.

- Bruken av båtane våre har endra seg, blant anna innan kran- og slepeoperasjonar. Derfor er det behov for forskrifter og regelverk, seier Hans-Inge Algrøy.

Ønsker grense på 10,67 meter

Fiskeoppdrettarane har bede Sjøfartsdirektoratet om at det nye regelverket berre skal gjelda fartøy større enn 10,67 meter, og ikkje åtte meter som direktoratet ønskjer.

I si grunngjeving for det nye regelverket skriv Sjøfartsdirektoratet at havbruksbåtane har forblitt under 15 meter, trass i at oppdrettskonsesjonane har blitt større og lokalisert i meir vêrharde område. Fleire tilfelle av kantringar og skader som følgje av tunge løft, er klare signal på at desse fartøya ikkje lenger er dimensjonerte til å tena næringa sikkert og effektivt.

- Det har vore utruleg lite ulukker med båtane, men næringa ønskjer likevel ordna forhold. Innføring av regelverket er ikkje kontroversielt i næringa. Den største utfordringa er at det også kjem sertifikatkrav for dei som fører båtane. I løpet av dei neste tre-fire åra må også dei som har stått til rors i mange år skaffa seg sertifikat. Derfor har næringa sett i gong kurs som fører til sertifisering, seier Hans-Inge Algrøy i Vestnorsk havbrukslag.

Egil Risnes fraRisnes Aqua Consult, har ikkje tru på at det nye regelverket fører til ein særleg stor nedgang i bygging av paragrafbåtar.

- Det vil bli bygt ein del større båtar enn før, men framleis også mange under 15 meter. For då kjem ein over terskelen som medfører meir utstyr og større mannskap. Det blir nok enno bygt båtar på 14,99 meter, seier Risnes.

Nytt regelverk for lastefartøy under 24 meter trer i kraft 1.juli 2014.