Torbjørn Åsgård

Kan dokumentere at reinsing gir god effekt

Aqua Nor: Nyare forsking syner at reinsing av oljen som vert brukt i fiskefôret gir god effekt. Forskingssjef Torbjørn Åsgård i Nofima Marin meinar næringa vil få mykje att for å ta kostnadane med reinsing.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

Nofima Marin kan no dokumentere at reinsing av den marine oljen som vert brukt i fiskefôret gir svært god effekt. Forsøk syner at bruk av reinsa fiskefeitt har positiv innverknad på vekst, fôrutnytting, kvalitet og på fiskehelsa til laksen. Reinsing av fiskefeittet inneber ein reduksjon av miljøgifter i laksefileten på mellom 70 og 80 prosent, og Åsgård som heldt innleiing på Nofima Marin, Havforskingsinstituttet og Nifes sitt frukostseminar i Trondheim i går, meinar næringa har alt å vinne på å ta kostnadane med å reinse fisketoljen. -Reinsing vil medføre opp til ei krone meir for kiloet for fiskefôret, men effekten vil vere så god at dette er noko ein tenar inn, framheva Åsgård ovanfor forsamlinga.

Åsgård framheva også at oppdrettsnæring bør utnytte sjansen til å vere den første næringa som faktisk tek miljøgifter ut av naturen. Vet bruk av reinsa fiskeolje kan lakseoppdrett bidra positivt til reduksjon av miljøgifter i næringskjeda, noko Åsgård trur vil vere svært så positivt for omdømet til næringa.