Kan flytte utan førehandsgodkjenning

Nye retningsliner gjer at oppdrettarane ikkje lenger treng ha førehandsgodkjenning frå Mattilsynet kvar gong dei skal flytta skjelproduksjonen mellom lokalitetane, med mindre det er pålagt særskilde restriksjonar på grunn av sjukdom

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bakgrunnen for denne opphevinga er gjennomføring av eit rådsdirektiv frå EU, jamfør omsetjingsføresegna.  -I visse høve vil oppdrettaren gjerne la blåskjela vekse inst i fjordarmen, som ofte er eit godt påslagsområde med stor vekst. Deretter flyttar ein skjela ut til kysten og let dei stå der til dei er reine og klare for hausting, seier Anne Karin Natås, seksjonssjef ved forvaltingsseksjonen på Kyst- og havbruksavdelinga til fiskets gang. Det er Mattilsynet som tek stilling til sjukdomssituasjonen i området og faren for spreiing av sjukdom. Sjølv om det ikkje lenger er eit generelt krav med førehandsgodkjenning for kvar transport, kan matlova og føresegner heimla i denne kunne avgrense muligheita for slik flytting av biologisk materiale. Fleire konsesjonar Blåskjeloppdrett i indre fjordstrok er utsett for toksiske algar. Difor er det mange oppdrettarar som har fleire konsesjonar, ein for påslag og ein for hausting. I søknader der det er ein føresetnad at drifta skal gå føre seg på fleire stader, til dømes påslag inne i fjorden og hausting ute ved kysten, må søkjar dokumentere driftsopplegget frå utsetjing til omsetjing. Driftsopplegget kan innebere at det vert søkt om ny konsesjon inne i fjorden, og haustinga skal gå føre seg på allereie stetta konsesjonar eller at det blir søkt om fleire konsesjonar som utgjer driftsopplegget. Søknad om konsesjonar vert sendt til Fiskeridirektoratet sitt regionkontor, som koordinerer søknaden(e) og hentar inn særskilt løyve frå sektorstyresmaktene.