Kan føre til endringar i kystsona

I Eirik Sand si semesteroppgåve «Næringsaktivitet i verneområder» vert det dokumentert at uklare retningsliner kan føre til konfliktar som vanskeleg let seg løyse, melder Fiskeridirektoratet.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Retningslinene fører til ulik sakshandsaming Sand si oppgåva ser på korleis retningslinene for vern og bruk i kystsona fungerer i praksis. Ein har sett at dei same retningslinene medfører ulik praksis, og gjev ulik sakshandsaming, alt etter kva landsdel det gjeld. Ein har fleire døme på dette; i Trøndelag har ein som utgangspunkt at oppdrett kan skape problem for sjøfugl, og handlar difor ut frå eit prinsipp om å vera føre var, medan ein i Nordland går ut frå at enkelte typar oppdrettsanlegg ikkje er i konflikt med verneføremålet, og dermed tillet desse. Retningslinene bør endrast – Dette tyder på at retningslinene ikkje er gode nok. Vi må ta saka opp med Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, og påpeike den store mogelegheita for ulik sakshandsaming slik retningslinene er i dag. Stortinget har i denne stortingsmeldinga bygd inn rom for ulik tolking av retningslinene. Det vi ynskjer er at det skal vere eins sakshandsaming over heile landet, fortel seniorrådgjevar Frank Jacobsen, ved Planseksjonen i Fiskeridirektoratet. – Kanskje er dette noko vi kan sjå på i samband med at den nye naturmangfaldlova (NOU 2004: 28 Lov om bevaring av natur, landskap og biologisk mangfold) no er ute på høyring, seier Jacobsen. Samarbeid med Universitetet i Bergen Sand er ein av studentane som har vore utplasserte ved Planseksjonen i Fiskeridirektoratet. Oppgåva hans tek utgangspunkt i «St meld nr 43 (1998-199) Vern og bruk i kystsona». Utplasseringa er i samarbeid med Senter for miljø- og ressursstudiar, ved Universitetet i Bergen. Senteret ynskjer å ha studentar utplassert på ein arbeidsplass, der dei kan skrive ei mellomfagsoppgåve som er relatert til konkrete problemstillingar som forvaltinga arbeider med. Kastar lys over viktige problemstillingar – Studentane kastar lys over problemstillingar som er viktige for oss, men som vi gjerne ikkje har tid eller kapasitet til å fordjupe oss i. Studentane får også viktig jobberfaring, så dette er ein vinn-vinn-situasjon, seier Jacobsen. Studentane har ein fagleg rettleiar ved UiB, medan Jacobsen fungerer som studentane sin rettleiar ved Fiskeridirektoratet. Han syter for at dei får tilgang til naudsynt informasjon; anten det gjeld saksopplysingar, arkivmateriale eller rette kontaktpersonar. Dei får også kontorplass, PC og tilgang til Internett. – Vi er svært nøgde med opplegget, og har stort utbyte av å ha studentar her. Dei har skrive om saker som er viktige for oss og for samfunnet, fortel Jacobsen. – Vel kan vi vere klar over problemstillinga som studenten skriv oppgåve om, men det er alltid nyttig å få dokumentert saka objektivt frå ein «utaforståande». For oss er dette eit hjelpemiddel til å sjå på saker som bør gjerast noko med, avsluttar Jacobsen.