
Kan ha funne løysinga for torskenæringa
Sats på Torsk: Ved å skape ein triploid hokjønnspopulasjon av torsk kan nokre av problema som torskeoppdrettarane i dag strir med vere løyst. Det handlar både om økonomi og om miljø.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Tidleg kjønnsmodning som medfører vekttap er eit av årsakene til at torskeoppdrettarane ikkje har klart å redusere produksjonskostnadane til eit akseptabelt nivå. Eit anna problem er at torsken gyter i merda, noko mange meinar kan ha ei negativ innverknad på lokale torskestammar.
Desse faktorane skaper i dag store problem for torskenæring, men no har forskarar ved Havforskingsinstituttet funne ein metode for å produsere reine hokjønnspopulasjonar med steril torsk. -Ved å maskulinisere torsk i første generasjon, kan du i andre generasjon produsere ein populasjon som berre består av hoer. Vidare kan fisken bli triploidisert for å oppnå ein heilt steril hokjønnspopulasjon. Det betyr at torsken aldri modnar, eller at ein slepp unna kjønnsmodning og gyting og at ein unngår veksttap og kvalitetstap, seier forskar Trine Haugen ved Havforskingsinstituttet til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no .
Positivt for miljø og økonomi Dette inneber at fisken ikkje gyter i merda og at ein vil hindre ei genetisk påverknad på lokale torskebestandar dersom fisken rømme. Ein vil også få ned produksjonskostnadane når ein unngår vekttap ved kjønnsmodning, eller at ein må slakte liten fisk.
Fleire utfordringar Dersom dette fungerar vil mange av dagens utfordringar for torskenæringa vere løyst, men det gjenstår enno ein del spørsmål. -Vi veit at tripolid fisk kan ha lågare vekst, lågare resistens mot sjukdom og høgare grad av deformitetar, enn anna fisk, men eg trur dette er noko som kan løysast gjennom forsking, seier Haugen.
Kan vere å tukle med naturen Sette frå ein etisk ståstad er det heller ikkje uproblematisk å maskulinisere og triploidisere fisken slik ein må for å produsere sterile hokjønnspopulasjonar. Mange meinar det er å tukle med naturen, men dette vert allereie gjort med andre oppdrettsartar i Europa og med druer og bananar som er i sal i norske butikkar.