
Kan ha tapt milliardbeløp på Kina
Norske lakseeksportør er misnøgde med myndigheitene sin innsats for å betre forholdet til Kina. Dei kan ha tapt ein milliard kroner i eksportinntekter etter fredsprisutdelinga i 2010.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Eksporten av fersk laks til Kina blei halvert i 2011, og sjølv om ein har hatt vekst i 2012 er det enno langt fram til gamle nivå, skriv Finansavisen.
No går direktør John Binde i Norway Royal Salmon ut med kraftig kritikk av Statsminister Jens Stoltenberg og utanrikstenesta.
Store tap
Bransjen meina norske lakseeksportørar har gått glipp av eksportinntekter på 1,2 milliardar kroner, om ein reknar med at veksten i den kinesiske marknaden hadde utvikla seg slik den gjorde fram til 2010.
Forholdet mellom Norge og Kina vart brått svært dårleg etter tildelinga av fredsprisen til den kinesiske demokratiforkjemparen Liu Xiaobo, skriv avisa.
Ønskjer normalisering av forholdet
John Binde i Royal Salmon meina det er svakt at norske myndigheiter ikkje har klart å imøtekomme kinesarane på ein måte som kan normalisere forholdet.
(ANB-NTB)