
Kan hindre dei store rømmingane
Maksimalt tal på fisk i ei merd er viktig for å hindre dei store rømmingane -Det seier direktør ved kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet, Jens Chr. Holm.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Kor sannsynleg det er at ein rømmingsepisode inntreff vert i dag handtert gjennom ei rekkje krav til utforming og drift av oppdrettsanlegga. Men dersom ei oppdrettsmerd vert øydelagt og fisken rømmer, så vil det bety mykje kor mange fisk denne eininga inneheldt. Såleis vil konsekvensen av ei rømming vere avhengig av talet på fisk i eininga, seier Jens Chr. Holm i ei pressemelding frå Fiskeridirektoratet.
No foreslår fiskeristyresmaktene at vert sett ei øvre grense for å halde konsekvensen innanfor ei viss ramme. Denne ramma er foreslått å vere 200 000 individ, og det er eit fåtal utsett som i fjor var høgare enn dette. –Ingen aksepterar at rømming skjer, heller ikkje at 200 000 rømmer. Men skulle det fatale skje, og det skjer dessverre, så er det verre at 400 000 rømmer enn 200 000, påpeikar Holm.
Risiko for ei rømming er kor sannsynleg det er at ein rømmingsepisode skjer multiplisert med konsekvensen av hendinga. Arbeidet mot rømming har fram til i dag vore konsentrert om å redusere sannsynet for rømming mest mulig. For å få ned risikoen ytterlegare, vert det no fremja forslag om å halde konsekvensdelen innanfor visse rammer.
Utgreiinga vart varsla i regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, og har resultert i forslaget om ei lovfesta konsekvenshandtering i form av ei øvre grense.