Torben Foss

Kan ikkje bli tolka som subsidiering

-Eu kan ikkje tolke ei statleg erstatningsordning for oppdrettsnæringa i samband med pålegg om utslakting ved sjukdom som subsidiering. Det seier Torben Foss i Pricewatershousecoopers.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I samband med Mattilsynet sitt pålegg om destruering av all fisken på ein lokalitet utanfor Senja, har diskusjonen om erstatning ved sjukdomsutbrot blussa opp. Både Norske Sjømatbedrifters Landsforeining og Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining har etterlyst ordningar som kan sikre den økonomiske situasjonen for einskildaktørar ved sjukdomsutbrot, men så langt har det ikkje gjeve resultat. Eit av argumenta mot ei statleg erstatningsordning har vore knytt til faren for å bli møtt med skuldingar om subsidiering frå konkurrentane i EU. -Men dette er grunnlause bekymringar eg har vanskeleg for å sjå realitetane i, seier Torben Foss i Pricewatershousecoopers. Han har vore ekspedisjonssjef i Fiskeridepartementet og fiskeriråd ved Noregs EU-delegasjon i Brussel, og har lang erfaring frå arbeid med spørsmål knytt til dumping- og subsidieklagar mot norsk laks.

Oppdrettarane i EU får erstatning Noreg og EU handterar sjukdom på oppdrettsfisk med utgangspunkt i den same lovgivinga, men i EU finst det eit system for delvis erstatning i samband med utslakting ved sjukdomsutbrot. -Difor er det litt rart dersom redselen for å bli skulda for subsidiering vert nytta som argument mot ei liknande ordning i Noreg. EU-domstolen vil neppe gå med på at ei erstatningsordning i samband med utslakting ved sjukdomsutbrot er subsidiering i Noreg og ikkje i EU, seier Foss til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Føresetnadane er at ordninga i Noreg i det store og heile speglar den i EU.

Finansieringsmåten har ikkje innverknad Måten finansieringa av ei felles norsk erstatningsordninga vert gjennomført på, har ikkje noko å sei for korleis EU vil reagere på tiltaket. -Ei norsk felles ordning kan bli tatt direkte frå statsbudsjettet, ordnast som ei ny avgift, eller bli tatt frå eksisterande avgifter, utan at dette har innverknad på om det blir oppfatta som ulovleg subsidiering eller ikkje. Når det blir pålagt i kraft av eit vedtak i Stortinget, vert det oppfatta som eit offentleg finansiert tiltak, seier Foss. Men han har inga meining om korleis det bør gjerast. -Det må næringsorganisasjonane og politikarane bestemme, seier Foss.