Bjørn Erik Stabell

Kan ikkje grille laks

Det norske laksekonsumet går ned med 2500 tonn om sommaren. Årsaka er at vi ikkje har lært oss å grille fisk sjølv om det er lett og sunn mat som passar godt om sommaren.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I perioden frå mai til september går det norske laksekonsumet ned med 500 tonn i månaden. Årsaka er at mykje av matlaginga vert flytta ut på terrassen i denne perioden, og nordmenn har ikkje kultur for, eller kunnskap om, korleis ein grillar fisk. Kjøt er mest populært Kjøtbransjen har vore flinke å reklamere for kjøt på grillen ved hjelp av oppskriftshefte og reklamere, men no vil Eksportutvalet for fisk prøve å få opp laksekonsumet på sommaren. -Omlag 50 prosent av oss legg sjømat på grillen, og laksen er faktisk mest populære fisken i denne samanhengen, men vi har likevel mykje å gå på, seier Bjørn Erik Stabell i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Steg for steg Sjølv om laksen er populær i Noreg så trur Stabell det er ein lang prosess å nå den langsiktige målsettinga om å auke konsumet om sommaren til same nivå som vi har om vinteren. -I sommar håpar vi å auke konsumet med 500 tonn til saman, men det langsiktige målet er 500 tonn i månaden i perioden frå mai til september, seier Stabell. Kampanje Gjennom ei sommarkampanje ønskjer EFF å lære folk at det er veldig enkelt og godt å grille laks. -Det handlar om seks minutt på grillen med skinnsida ned, eller at du legg laksen i folie og så god appetitt, seier Stabell. Kampanjen med oppskrifter og ein eigen grill-logo går ut til riksaviser, matblad, nettsider, msn og klistremerke på handlekorger. I tillegg har Ingrid Espelid Hovig og Kari Innerå utvikla fire opplysningsfilmar om laks og ein om kveite som er tilgjengeleg på godfisk.no