
Kan ikkje lage til fisk
Den norske husmora føler seg usikker på korleis ho skal lage til fisken sjølv om den er skinn og beinfri. Det kom fram i ei undersøking gjennomført av TNS Gallup på oppdrag frå Eksportutvalget for fisk
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Av Kari Johanna Tveit Mål om forbruk på nivå med Japan -Fiskeforbruket i Noreg har vore svært lågt dei siste ti-åra, og sjølv om det er på veg oppover igjen, er det langt fram til EFF si målsetting om at vi skal ete fisk tre til fire gongar i veka slik japanarane gjer, seier marknadssjef Pjokken Eide til kyst.no. For å vite korleis ein skal auke forbruket, engasjerte Eksportutvalget for fisk TNS Gallup til gjennomføre ei undersøking med målsetting om å finne ut kva som er årsaka til at vi som fiskerinasjon et så lite fisk. Den første delen var ei telefonundersøking knytt til spørsmål omkring kva som er tradisjonelle barrierar mot å ete fisk. Resultatet vart samanlikna med tal frå tidlegare undersøkingar. Dårleg tilgang på ferske råvarer i fiskerinasjonen Resultatet viste at argumenta om mykje bein og at ungane ikkje likar fisk, ikkje var like hyppige som før. Argument om at det for dyrt og at det er vanskeleg å variere med fisk, var heller ikkje like mykje brukt, men dårleg tilgangen til ferske råvarer, vart enno brukt som eit sterkt argument for at norske forbrukarar et forholdsvis lite fisk. I del to av undersøkinga vart husmødrer mellom 25 og 35 år samla i grupper for å få i gang samtalar om årsakene til det låge fiskeforbruket. Kan ikkje lage til fisk -Resultata frå gruppesamtalane syner at alle oppfatta fisk som sunn mat og at tilgangen på fiskoppskrifter er god, men det som var uventa var at norske husmødrer mellom 25 og 35 år kjenner seg usikker på korleis ein skal lage til fisken, sjølv om den er både skinnfri og beinfri, seier Eide. Fisk i ein fei Med utgangspunkt i resultata frå undersøkinga har Eksportutvalget for fisk starta prosjektet "Fisk i en fei" som omfattar demonstrasjonar i daglegvarebutikkane. Her samarbeidar dei mellom anna med Sea-Bell AS som leverar til Prix og Mega kjeden, Fjordland AS som leverar til REMA 1000 i tilegg til Lerøy i Hordaland, Reinhartsen AS på Sørlandet og Haaberg og Larsen AS i Trøndelag. Målsettinga med prosjektet er å auke fiskeforbruket ved hjelp av å vise kor fort det er å lage til enkle kvardagsrettar av fisk. -Skal vi få opp volumet på bruken av sjømat i Norge, så snakkar vi om fisk til kvardags. Det må vere enkelt å lage til og vi må gjere kundane trygge på at dei får det til, seier Eide til kyst.no.