
Kan ikkje sjå bort frå laks som listeriakjelde
Listeriose har aldri blitt spora tilbake til norske lakseprodukt, men ein kan ikkje sjå bort frå laks som mogleg kjelde, ifølgje ny studie utførd av forskare frå Nifes og Folkehelseinstituttet.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Ei undersøking av tre produksjonsbedrifter for oppdrettslaks ulike stader i Noreg identifiserte 15 typar av Listeria monocytogenes. Dette er den eine arten av Listeria-bakteriar som kan føre til sjukdom hos foster, nyfødde barn og personar med svekka immunforsvar.
Studien er publisert i Epidemiology & Infection og kan lesast her
Til saman 9 av dei 15 typane var av ein genetisk variant forskarane fann igjen hos pasientar med listeriose, sjukdomen som kan bli utløyst av L. monocytogenes.
Listeria-bakteriar har lenge vore kjent som ei utfordring ved tilverking av mat, inkludert produksjon av sjømat. Bakterien finst tidvis i produksjonsmiljøa, til dømes på utstyr som er slite eller vanskeleg å halde reint. Listeria er svært levedyktig, men varmebehandling drep bakterien.
Oftast enkeltutbrot
Lunestad understrekar at listeriose oftast rammar i form av spreidde enkelttilfelle, langt sjeldnare i form av utbrot der fleire blir ramma av same bakterie frå same kjelde. Dei siste ti åra har det vore mellom 7 og 50 diagnostiserte tilfelle av listeriose i Noreg. I dei aller fleste tilfella av matvareboren listeriose kjenner ein ikkje til kva matvare som er ansvarleg. I Noreg er det tidlegare blitt registrert tre utbrot med kjend matkjelde, og ingen av desse var knytt til sjømat.
Kjøt og ost
I 2007 vart 21 menneske diagnostisert med listeriose der bakterien vart spora tilbake til ost produsert på eit gardsmeieri. I 2005 vart tre sjukdomstilfelle konstatert i Ålesund, kjelda var truleg kjøtpålegg og utstyr for kutting av pålegg. I 1992 var kjøtpålegg kjelda til eit utbrot i Trøndelag der 8 tilfeller av listeriose vart registrert.
Ikkje prov enno
Studien av laks er eit samarbeid mellom Nifes og Folkehelseinstituttet. Forskarane isolerte bakteriar frå produksjonsbedrifter og samanlikna dei med bakteriar som var henta frå pasientar med listeriose. Til saman 9 av dei 15 typane ein fann var identiske med bakteriar funne hos menneske med listeriose.