Børge Prytz Larsen

Kan levere sjølv om det blir stopp

Dei åtte anlegga som no er godkjende for eksport av laks og aure til Russland vil truleg få levere sjølv om det skulle bli stopp den første oktober, seier Børge Prytz Larsen i Royal-Atlantic til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Tysdag denne veka kom meldinga om at seks nye anlegg får levere fersk laks og aure til Russland. Det har vore usikkert om denne godkjenninga er avhengig av om ein får til ei midlartidig løysing for å tilfredsstille russiske veterinærmyndigheiter sin krav til veterinærdokument, men i fylgje Prytz Larsen så vert dei truleg ikkje omfatta av ein eventuell stopp. -Dei åtte anlegga vil i utgangspunktet vere dei einaste som kan levere laks og aure til Russland utan CVED dokument (common veterinary entry document) frå og med første oktober, seier Prytz Larsen. Startar neste veke Slik ting ser ut no vil eksporten frå dei nyopna anlegga kunne starte alt i neste veke. Prytz Larsen trur dei godkjende anlegga har så god kapasitet og stort volum at dei vil kunne dekke etterspurnaden etter fersk laks i Russland. -Når det gjeld aure trur eg det er nødvendig med opning av nokre anlegg i tillegg, men aktørane som har jobba for å få opna nye anlegg for eksport av laks og aure til Russland er likevel veldig fornøgd med det som har skjedd no, seier Prytz Larsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.