
Kan misse 600 arbeidsplassar
Ei eventuell innføring av Hardangerfjordforskrifta slik den føreligg vil får svært store konsekvensar, seier Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Ho viser at det kan medføre tap av opp mot 600 arbeidsplassar og at dette vil omfatte mange ungdommar som har etablert seg i regionen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Saman med fleire ordførar deltok dagleg leiar Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland sist veke på møte med statssekretær Kristin Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet om innføring av den mykje omtala Hardangerfjordforskrifta som omfattar området vist på kart nedanfor.

Tema for møtet var konsekvensar av ei eventuell innføring av forskrifta, og politikarane frå Sunnhordland håpar regjeringa vil ta seg tid til å vurderer verknadane av pågåande tiltak før ein vel å innføre ei forskrift som vil gi store tap for regionen. - Det vert no jobba med ei konsekvensanalyse, så tala er ikkje klare, men vi trur det kan vere snakk om tap av opp mot 600 arbeidsplassar i denne regionen dersom forskrifta vert innført, seier Jensen Gjerde til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Ho er spesielt opptatt av at næringa gir arbeid til mange unge som har etablert seg med hus og heim, og som no risikerar å misse arbeidet sitt.
Sidan dette omhandlar arbeidsplassar som er spreidd utover i heile regionen kan det vere vanskeleg å erstatte dei gjennom omstillingstillingsprogram og liknande. Ho viser til at det både er små og store samfunn som kjem til å bli ramma dersom forskrifta vert innførd.
Bør evaluere eksisterande tiltak Jensen Gjerde meinar det vert gjennomført fleire tiltak med mål om å betre situasjonen for villakens som bør får virke og bli evaluert før ein vel å innføre ei forskrift med så store konsekvensar for regionen. - Dette gjeld mellom anna innføring av soneforskrifta i Sunnhordlandsbassenget der målet er å halde talet på lakselus nede, og etablering av Hardangerfjordlauget som er eit prosjekt der næringa bidreg med kunnskap og økonomiske midlar for å vitalisere dei ville lakse- og sjøaurestammane i regionen, seier Jensen Gjerde. Ho viser også til innføringa av Hardangefjordprosjektet som er eit pilotprosjekt med konkrete tiltak for å sikre bestandane av villaks og sjøaure i området.
- Eg forsto statssekretæren slik at arbeidet med ei eventuell innføring av Hardangerfjordforskrifta er i prosess, og eg håpar dei leitar etter løysingar som alle er tent med, før dei vel å innføre tiltak med så store og negative konsekvensar for regionen som ei eventuell innføring av Hardangerfjordforskrifta vil gi, seier Jensen Gjerde til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Ein konstruktiv dialog Jensen Gjerde legg til at Samarbeidsrådet i Sunnhordland meinar at løysinga ligg i eit tett samarbeid mellom oppdrettarar og elveeigarar og at dette er etablert. - Tilbakemeldingar vi har fått frå elveeigarane er i alle fall at dialogen som er etablert mellom Havforskingsinstituttet, villaksinteressene, og havbruksnæringa er konstruktiv, seier Jensen Gjerde til slutt.