Kan miste havbeitekonsesjon
Grotle Havbeite AS i Bremanger har fått melding om inndraging av konsesjonen. I fyrste omgang vert det rekna som eit varsel.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskeridirektoratet har varsla Grotle Havbeite om at konsesjonen vert inndregen. Manglande dokumentasjon på aktivitet skal vere årsaka.
I følgje regiondirektør Hans Cato Haddal har ikkje Grotle Havbeite følgt tidsfristar for rapportering, innsending av driftsplanar og dei har heller ikkje dokumentert at aktiviteten er slik det er sett krav om i konsesjonen. - Dette er å rekne som eit varsel og Grotle Havbeite har ein frist på 14 dagar med å komme med merknader til vedtaket vi har gjort. Eg reknar med at innan jul skal eit endeleg vedtak vere gjort, seier Haddal til fjt.no.