
Kan oppbevare hummar i desember
Det er no lov å oppbevare levande hummar i samleteiner i sjøen i desember månad. Det er ikkje knytt meldeplikt til ordninga.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I august i år vart det fastsett nye reguleringar for hummarfisket. Mellom anna vart regelen om at det i hummarfredingsperioden er forbode å oppbevare levande hummar i sjøen endra, skriv Fiskets Gang.
Må ut av sjøen 1. januar No kan alle som fiskar hummar, uavhengig av om fangsten er registrert for sal eller er til eige bruk, oppbevare hummar i sjøen også i desember månad. All hummar som vert oppbevart på denne måten må vere ute av sjøen 1. januar. Frå og med denne datoen er det berre lov å oppbevare hummar i sjøen dersom den er meint for omsetjing og det er gjeve dispensasjon frå Fiskeridirektoratet eller salslag.
Fiskeridirektoratet gjer merksam på at endringa i regelverket ikkje endrar forbodet mot å fiske hummar i fredingstida.
Vurderast på nytt neste år Denne «oppmjukinga» av regelen vil verte vurdert på nytt til neste år. Då ligg det føre erfaringar frå inneverande år, som er det første året med hummarfreding i desember. Det er framleis forbode å fiske hummar i desember på strekninga svenskegrensa og til og med Sogn og Fjordane.