Kan oppbevare hummar ut året
Forskrift om utøving av fisket etter hummar i sjøen er endra. No kan alle som fiskar etter hummar oppbevare fangsten i sjøen fram til nyttår.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Etter den nye regelendringa kan alle oppbevare hummar i sjøen fram til nyttår. I august i år vart det fastsett nye reguleringar i hummarfisket, mellom anna regelen om at det i hummarfredingsperioden er forbode å oppbevare levande hummar i sjøen, skriv fiskets Gang. Fiskeri- og kystdepartementet var ikkje i tilstrekkeleg grad merksame på gjeldande marknadstilhøve og kysttradisjonar knytt til «julehummar» då dei nye reguleringane vart innført. Departementet vedtok difor fredag 7. november at høvet til å oppbevare levande hummar i sjøen i desember skal gjelde i heile landet.
Nye oppbevaringsreglar gjeld for alle I fylgje tidlegare regelverk måtte hummaren takast opp av sjøen ved inngangen til hummarfredingstida, altså innan 1. desember, med mindre fangsten var registrert hjå salslaget. Det var ikkje tillete å oppbevare hummar til eige bruk i sjøen i hummarfredingstida.
Må ut av sjøen 1. januar - No kan altså alle som fiskar hummar, uavhengig av om fangsten er registrert for sal eller er til eige bruk, oppbevare hummar i sjøen også i desember månad. All hummar som vert oppbevart på denne måten må vere ute av sjøen 1. januar 2009, seier rådgjevar ved Fiskeridirektoratet Region Sør, Thomas Langeland.
- Behovet for å kunne oppbevare levande hummar i sanketeiner i sjøen ser ut til å vere betydeleg større i desember månad enn i resten av året. No kan tradisjonen med fersk, eigenfiska hummar til jule- og nyttårsfeiringa vidareførast i år også. 1. januar må all hummar som ikkje er registrert for omsetting av salslag eller oppbevart av godkjent kjøpar, ut av samleteinene, seier Langeland.
Vurderast på nytt neste år Denne «oppmjukinga» av regelen vil verte vurdert på nytt til neste år. Då ligg det føre erfaringar frå inneverande år, som er det første året med hummarfreding i desember. Det er framleis forbode å fiske hummar i desember på strekninga svenskegrensa og til og med Sogn og Fjordane.