Kjell Maroni

Kartlegging av laksegenomet kan løyse mange laksegåter

- Kartlegging av laksegenomet vil gi oss heilt nye mogelegheiter for å etablere kunnskap om genetisk interaksjon mellom ulike stammar av villaks og mellom oppdrettslaks og villaks, seier Kjell Maroni i FHF. Det kartlagde genomet blir presentert tidleg neste år.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Arbeidet med kartlegging av laksegenomet er i sluttfasen, og tidleg i 2013 vil ein ifylgje Kjell Maroni som er fagsjef for havbruk i Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF) då vere klar med eit godt verkty som kan gi mykje betre forståing for kva genetisk interaksjon betyr for villaksen.

I praksis handlar dette om at ein får eit kart med referansar som kan nyttast for å samanlikne laksen sine genar.

- Eit detaljert kart over genomet til ein modell-laks kan gi oss meir kunnskap om variasjonar, og ein kan mest truleg bruke det som eit verkty for å samanlikne ulike populasjonar av villaks, eller villaks og oppdrettslaks. Men dette betyr ikkje at vi får ein fasit. Det vil uansett vere store variasjonar mellom genane til kvar einskild fisk, men det blir enklare å finne skilnadar når genomet er kartlagt, seier Maroni til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Kjell Maroni

Ifylgje Kjell Maroni i FHF vil ei kartlegging av laksegenomet mellom anna få mykje å sei for kunnskapane om ulike villaksstammar, korleis kultivering ved hjelp av stadeigen og ikkje stadeigen yngel har påverka utviklinga av dei ulike stammane, korleis rømming kan påverke villaksen og for havbruksnæringa sitt vidare arbeid med avl.

Får vite kva kultiveringa har betydd

Gjennom eit prosjekt finansiert av FHF og utført av Aqua Kompetanse AS i 2009 er det framstilt ei oversikt over utsett av laks i elvar i Nord Trøndelag frå midten av 1930-talet til midten av 1980-talet. Arbeidet dokumentera at det er sett ut 15,9 millionar lakseyngel i denne perioden. Av dette trur ein at over halvparten omfattar utsett av stammar som ikkje er stadeigne, og ei kartlegging av laksegenomet vil gjere det enklare å sei noko om kva det har betydd for dei ti tusen år gamle lokale laksestammane.

- Ei kartlegging av laksegenomet kan gjere det enklare å synleggjere forskjellar i elvar der det har vore gjort lite kultivering og der dette har vore omfattande. Det vil også gjere det mogeleg å sjå om det er forskjell på elvar der det har vore utsett av stadeigen laks, og elvar der utsetta ikkje har vore basert på stadeigen yngel, seier Maroni.

1986 vart det innført forbod mot utsett av laks som ikkje er stadeigen, og ei kartlegging av genomet kan gjere det mogeleg å finne ut om utsett slik laks, enno har effekt på lokale stammar.

- Vi kan finne ut om den framande genetikken enno er til stades i elvane, eller om den er vekke, og det vil vere eit utrykk for om naturleg seleksjon verkar eller ikkje, seier Maroni.

Kartlegginga er også nyttig for havbruksnæringa

Ei kartlegging av laksegenomet vil også vere nyttig for havbruksnæringa med tanke på å utvikle ei verktykiste for å studere korleis ulike laksar og ulike laksefamiliar "fungera" med omsyn til fiskehelse, ernæring osb.

- Dette vil heilt opplagt gjere avlsarbeidet enklare ved at ein meir presist kan velje ut dei beste familiane for vidare avl, seier Maroni.

Salmonid biology conferencei Oslo i juni skal forskarar frå heile verda presentere og diskutere kva det kartlagde laksegenomet kan brukast til.