
Kjem ikkje utanom krisa
Tromsø: Norsk laksenæring sto seg godt i 2008, men finanskrisa påverkar også denne delen av sjømatnæringa. Det sa konsernsjef Geir Isaksen i Cermaq til deltakarane på Nyttårsmøte fredag.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I si innleiing på Nyttårsmøtet til Ewos i Tromsø framheva Isaksen at laksenæringa har stått seg bra i 2008. Dette gjeld både i høve til volum og pris, sjølv om det ikkje vart eksportert så mykje som ein hadde venta. Han påpeika også at dei første dagane av 2009 har starta veldig positivt. Men trass i høgare prisar og auka volum er ikkje alt berre fryd og gammen i laksenæringa. Investorar som handlar på Oslo Børs har prisa sjømatnæringa lågt i 2008 og lakseselskapa er blant dei som har fått merke nedgangen i aksjekursane aller mest. Fleire faktorar som påverkar I fylgje Isaksen er det fleire årsaker til at krisa også får innverknad for laksenæringa. Sjukdomssituasjonen i Chile påverkar selskapa med interesser der, men han trur også generelle haldningar til næringa har innverknad på aksjekursane. Generelt kan finansieringssituasjonen bli anstrengd i slike samanhengar og laksenæringa, som er ei pengeintensiv næring der mykje av verdiane står i sjøen i lang tid, kan få problem med tilgangen på kapital. Kapitaltørke på sikt I fylgje Isaksen vil tilbodet av laks på verdsmarknaden gå ned neste år. Dette forklarar han med sjukdomsproblema i Chile og ikkje med den finansielle situasjonen i næringa. Men på litt lengre sikt trur han kapitaltørken vil vere med å forsinke veksten i næringa, og då tenkjer han spesielt på gjenoppbygging i Chile. Konsumet av mat aukar Konsernsjefen i Cermaq trur det generelle forbruket vil gå ned i åra som kjem, men matkonsumet vil auke i takt med auken i folketalet, sjølv om det vil dreie seg frå eksklusive mot rimelegare produkt i dei einskilde varegruppene. Når det gjeld laksen trur han at den vil stå seg bra. -Laksen har brei appell og er rimelig i sitt segment, så etterspurnaden her vil truleg halde seg oppe, sa Isaksen til forsamlinga på Nyttårsmøtet. Meir mot enn pengar Isaksen framhevar at den som har pengar og mot i denne situasjonen vil finne nye mogelegheiter, men legg til at det oftast er meir mot enn pengar i havbruksnæringa, og at det ikkje kjem til å bli så mange oppkjøp i tida som kjem. Men han trur kanskje at nokre selskap kan finne på å slå seg saman. Eit spanande år Ein del med meiningar om situasjonen i laksenæringa skal ha uttala at 2009 kjem til å bli eit kjedeleg år for aktørane i laksenæringa. Men dette er i fylgje konsernsjefen i Cermaq heilt feil. -2009 blir eit utruleg spanande år sa han avslutningsvis til deltakarane på Nyttårsmøtet i Tromsø.