Kleven med 32 millionar i driftsresultat

Kleven oppnådde eit driftsresultat på 32 millionar kroner i 2002. Resultatet før skatt var på 17 millionar. Konsernet har starta nedbemanninga for å tilpasse seg ordresituasjonen.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

-Resultatet er ikkje tilfredsstillande, kommenterer konsernsjef Steinar Sivertsen Kulen i Kleven Marine i ei pressemelding. Konsernet vart tilført ny kapital på 57 millionar gjennom ein emisjon og eit ansvarleg lån frå aksjonærane. Omsetninga i konsernet var på heile 2,5 milliardar kroner. - Vi har ein finansiell situasjon som er akseptabel med ein eigenkapital på 248 millionar etter emisjonen. Men byggjeprogrammet i 2002 har vore for høgt, og aktiviteten skal reduserast for å tillpassast den finansielle lyfteevna vi har, seier konsernsjefen, som understrekar: - Ordresituasjonen er den største utfordringa vår. Vi har alt starta nedbemanninga for å tilpasse kapasiteten til ordreboka, skriv Vikebladet.