
Kokkane som ambassadørar
Kokkane er dei beste ambassadørane til å lansere ei ny råvare i ein høgt betalande marknad. -Difor er det viktig at dei kan presentere ei historie om produktet som engasjerar kundane, seier Bjørn Erik Stabell i Eksportutvalget for fisk til kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
![]() |
Erling Sundal som skal konkurrere om å få delta i Bocuse d'Or i Lyon i 2007, vart godt kjend med kongekrabben i Vadsø sist helg. |
Foto: Kari Johanna Tveit |
-Målsettinga med denne typen arrangement er å gi dei sjansen til å bli kjend med råvara slik at dei kan formidle ei historie om kongekrabben og om området den kjem frå. Å kunne fortelje kundane kvar kongekrabben lever, kva den et, og korleis den vert fanga, gjer dei til gode ambassadørar ute i marknaden, seier Stabell til kyst.no.
I januar 2006 skal dei same kokkane til Stavanger for å lære meir om norsk oppdretta kveite, og sjølve konkurransen om kven av dei som får representere Noreg i Lyon i januar 2007 skal føregå på storhushaldningsmessa på Lillestrøm, i februar i 2006.