Økokrim til Gratangen
Måndag kjem to taktiske etterforskarar frå miljøteamet i Økokrim til Gratangen. Dei skal delta i arbeidet med å finne årsaka til at 60 000 ILA-smitta laks har rømt.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Fredag den 16 november bekrefta Mattilsynet sitt distriktskontor i Harstad at laksen i eit oppdrettsanlegg i Gratangen var infisert av ILA. Veka etter rømde 60.000 laks frå anlegget. Fiskeridirektoratet har meldt rømminga til politiet og måndag kjem to etterforskarar frå Økokrim til Gratangen for å bistå Lensmannskontoret i arbeidet med å finne årsaka til rømminga. Roald Berntsen ved lensmannskontoret i Salangen seier til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at det er gjennomført åstadgransking i samarbeid med Fiskeridirektoratet, men han vil ikkje kommentere om det er misstanke om sabotasje. -Mandag får vi bistand frå to etterforskarar i Økokrim og før den tid vil eg ikkje kommentere saka nærmare, seier Berntsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Politiet skal samarbeide med Fiskeridirektoratet og Mattilsynet i arbeidet med å finne årsaka til rømminga.