
Økonomien i Europa vert ikkje avgjerande
Bodø: Paul Andahl i EFF ser fleire årsaker til at vi vil få ein auke i etterspurnaden etter norsk laks i tida som kjem, og sjølv om Europa er prega av ei økonomisk negativ utvikling, så trur han ikkje at dette vil ha særleg stor innverknad på laksekonsumet. -Å få nye produkt inn i nye kanalar vil bety meir for konsumet enn den økonomiske utviklinga, seier Aandahl.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Paul Aandahl heldt innlegg om marknadssituasjonen for norsk laks under Nord-Norsk Havbrukslag sitt medlemsmøte i Bodø i går. Og trass i politisk uro og demonstrasjonar knytt til ei negativ utvikling i økonomien i mange land i Europa, så trur ikkje marknadsanalytikar i Eksportutvalet for fisk (EFF) at dette vil påverke laksekonsumet i særleg grad.
Han viser mellom anna til at Spania har stor økonomiske problem, men konsumet av laks aukar likevel sterkt. Og her handlar det om at næringa tenker nytt og tilpassar produkta til nye målgrupper.
Tidenes prisreduksjon Etter fleire år med volumrekordar kom det i vår ein ny rekord. Det var tidenes største reduksjon i prisen over ein periode på tre månadar. Årsaka er i fylgje Andahl ein kombinasjon mellom rask vekst i tilbodet og nedgang i etterspurnaden. Vi hadde ein volumvekst i mai på fem prosent, ingen vekst i juni og vidare utover, men prisen fortsette å gå ned.
EU-marknaden som i utgangspunktet var spådd å stagnere har hatt stor vekst, medan Aust-Europa hadde vekst i vår, for så å gå litt ned, før vi fekk vekst igjen. I Asia har veksten vore mykje jamnare, noko Andahl forklarar med at det meste av laksen som blir eksportert dit går til rått konsum, og det gjer den mindre prisfølsam enn marknaden i Europa.
Den globale volumutviklinga viste null vekst i første kvartal, så gjekk den litt ned, for så å vekse igjen. Og frå juli til september opplevde vi den høgaste veksten som ein nokon gong har hatt i ein periode på tre månadar. Denne omfatta dei fleste produksjonsland og EU som marknad hadde den største konsumveksten.
Global volumutvikling Eit problem med høge prisar over lang tid kan vere at dei som jobbar med vidareforedling sluttar å bruke laks, noko som kan medføre færre produkt og mindre hylleplass for laksen i supermarknadane. Mindre bruk av laks som lokkevare er også et resultat av dei høge lakseprisane i vår. Desse forholda medførte redusert etterspurnad etter laks, spesielt i marknaden for fersk laks til konsument.
Fleire årsaker til etterspurnadsvekst Det er i fylgje Paul Andahl fleire årsaker til at fleire vil etterspør meir laks i framtida. I utgangspunktet vil prisnedgang gi ein auke i etterspurnaden, og på kort sikt er det laksen si gode konkurransekraft i høve til anna mat som vil være viktigast.
På lengre sikt vil forhold som mellom anna fokus på kosthald og vidare utbygging av moderne distribusjon føre til auka laksekonsum.
Eit tilpassa produkt Aandahl framhevar også som eit argument for ei positiv utvikling i framtida at laksen er eit produkt som er tilpassa unge moderne menneske. Han trur mellom anna at auka konsum av rå laks er med å heve imagen til andre produkt av laks.
Fokus på berekraft og miljø har også ein viss effekt, men dette er sterkast i USA og i Noreg. Her er det også jobba for å påverke i positiv retning ved å drive informasjon retta mot konkrete målgrupper.
Moderne livsstil gjer at vi får mindre tid til å lage mat, og difor vil produkttilpassing vere viktig for å tilfredsstille framtidas konsumentar. Dei låge råvareprisane vil gjere at fleire vidareforedlarar vil satse på laks som råvare og fleire produkt og fleire hyllemeter vil medføre auke i etterspurnaden og auka sal i tida som kjem.