Ingunn Stubhaug

Korleis påverkar planteoljer laksen?

Ingunn Stubhaug disputerer 2. september for PhD-graden ved Det matematisk- naturvitenskapelige fakultet, Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Lipid metabolism in Atlantic salmon (Salmo salar L.)- with emphasis on lipid catabolism."

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Feittsyresamansetninga i laksen reflekterar vanlegvis feittsyresamansetninga i fôret. Dersom laksen sin metabolisme endrar seg ved bruk av planteoljer, kan feittsyresamansetninga i laksen bli ulik den i fôret. Resultata viser at for spesifikke feittsyrer er nedbrytning avhengig av mengde i fôret. Dess meir av ein type feittsyre som vert gitt, blir meir vert brote ned. Gir ein derimot lite av desse feittsyrene, vert dei tekne vare på. Dermed blir feittsyresamansetninga i laksen reflektert den i fôret. På eit cellulært nivå, viser resultat at omega-3 feittsyrer blir spesifikt inkorporert i strukturelt feitt, medan omega-6 feittsyrer blir brukt til energi uavhengig av diett. Feitt er viktig m.a. for produksjon av energi, cellestruktur, produksjon av hormon og er med på å regulere protein involvert i feittmetabolismen.

NIFES