Kritiserer Direktoratet for naturforvaltning

Tarenæringa på Vestlandet fryktar no at eit nytt forslag til verneforeskrifter for tare skal øydelegge for næringa. Dei appelerar no til politikarane, melder NRK.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er i ei høyringsfråsegn for taretrålerane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland at tarenæringa går til kraftig åtak mot Direktoratet for naturforvaltning (DN). Dei skriv at DN sin beskrivelse ikkje gjev eit fullverdig og objektivt bilde av saka slik ein bør kunne forvente av et forvaltningsorgan. Harald Bontveit ved FMC Biopolymer taremottak i Solund er frustrert over at DN stoggar dispensasjonar gjeve av Fylkesmannen og hevdar at dersom det ikkje skulle skje i ei sak, så kjem verneorganisasjonane  med protesterar. Næringa er frustrert og føler at dei lever på nåde.