– Kva skjer med fisken før den kjem på middagsbordet?

Boka som gir barn og unge kunnskap om fisken før den kjem på middagsbordet, er komen ut på Orkana Forlag. Så treng du eller borna dine lettfatta informasjon om næringa, eller kjenner du nokon du meinar treng det, ja så er dette boka for deg.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Mål om å gi faktakunnskap om fisk. Det var når Elisabeth Johansen og Orkana forlag skulle trykke ei inforamsjonsbrosjyre for Fiskerinæringens Kompetansesenter som no er nedlagt, at ho oppdaga kor lite informasjon som fanst for barn og unge om fiskeri og havbruksnæringa. Dette i motsetning til landbruksnæringa som har mykje næringslitteratur for barn. Innhald Boka omhandlar ulike fiskeslag, fangstmetodar, teknologi og kva som skjer med fisken fram til den kjem på bordet. Du lærer om oppdrett av fisk og skjell og du kan lese om kva som blir laga av fisk. Den gir litt historisk kunnskap i tilegg til informasjon om kva marknadar produkta våre blir sendt til og korleis dei blir brukt. Forsking og det store blå økosystemet er heller ikkje utegløymd. Til slutt gir den deg oppskrifter på internasjonale rettar med fisk som råvare. Oppskriftene er kansje særleg nyttige for barnefamiliar som har evige diskusjonar om ein skal ha fisk til middag eller ikkje. Språkleg er boka retta mot barn og unge, men mange som ikkje kjenner særleg godt til fiskeri og havbruksnæringa vil også lære mykje av å lese den. -Journalistar som skriv om næringa seier at dei har god nytte av den, seier Elisabeth Johansen til kyst.no.

Stor innteresse Norges Kulturråd har tatt den inn i si nye innkjøpsordning for faktabøker for barn og ungdom der det kun vert tatt med 12 titlar i året. Bøkene som kjem inn under denne ordninga vert innkjøpt med eit opplag på  1500 for kvarbok og sendt ut til landets bibliotek. -Boka kom ut i august og alt no er det mange bibliotek som har uttrykt glede over å få den inn, seier Johansen.

Fisk

Elisabeth Johansen og Jan R. Pettersen som er forfattarane bak boka, håpar at bedrifter som ofte har skuleklassar på besøk skal bli ei viktig målgruppe. Det første opplaget er på 3000 bøker.

Johanden Elisabeth og Pettersen Jan R